Informasjon / stellegjengen
Stellegjengen
Stellegjengen er eit tilbod til born og unge frå 10 år og oppover. Ein får vere med å stelle, fòre og ordne i stallen etter oppsett vaktplan. Ansvarleg for stellegjengen er Kristin Husabø.
Stellegjengen har faste møter med Kristin der dei har mogelegheiten til å komme med forslag til aktivitetar og liknande.
Stellegjengen vil kunne ri utleige til halv pris av ordinær pris. I tillegg har dei eit leie-/ridekort der medlemmer i stellegjengen kan opparbeide seg leietimar ved t.d. aktivitetsriding/ridekurs og liknande. Opparbeidde leietimar kan nyttast til utleigeriding etter nærare avtale.
I tillegg til klubbhestane og anlegget generelt hender det at privatoppstallørane treng hjelp med sine hestar.
Kanskje du kan bli hestepassar ? Les meir her!
STELLEGJENGSMØTE
Søndag 29. april klokka 13.00 vert det stellegjengsmøte på stallen. Viktig at alle som kan stiller på møtet :)