Informasjon / stellegjengen
04.02.2010 21:53:49

Stellegjengen

Stellegjengen er eit tilbod til born og unge frå 10 år og oppover. Ein får vere med å stelle, fòre og ordne i stallen etter oppsett vaktplan. Ansvarleg for stellegjengen er Nina Merete Sandvik.

Stellegjengen har faste møter med Margaret der dei har mogelegheiten til å komme med forslag til aktivitetar og liknande.

Stellegjengen vil kunne ri utleige til halv pris av ordinær pris.  I tillegg har dei eit leie-/ridekort der medlemmer i stellegjengen kan opparbeide seg leietimar ved t.d. aktivitetsriding/ridekurs og liknande.  Opparbeidde leietimar kan nyttast til utleigeriding etter nærare avtale.

 

I tillegg til klubbhestane og anlegget generelt hender det at privatoppstallørane treng hjelp med sine hestar. 

Kanskje du kan bli hestepassar ? Les meir her!

 

 

Siste nytt
26.09.2005 23:34:19

Pussekonkurranse

Søndag 18.09.05 var det pussekonkurranse ved TKRK. Dette var ein konkurranse for dei som er med i stellegjengen. Det var her om å gjere å få den finaste og reinaste hesten og i tillegg vise at ein viser sikkerheit i omgang med hesten.

Dommar for dagen var Kristiane Laberg.

(Side 1 av 1)